Norsk forening for stomi, reservoar og mage- og tarmkreft.
Hopp til hovedinnholdet

Jubileumstur

25. august 00:00

Norilco Nord-Rogaland fyller 40år

I år fyller Norilco Nord-Rogaland 40 år.
Det har vi lyst til å markere med ein dagstur til
Eikemo i Åkrafjorden laurdag 25. august

Vi møtast på Åkrafjordtunet kl. 10.30.
Vi må komme oss til Åkrafjordtunet for eigen maskin, ev. med kompiskjøring.
Fint om dokker ved påmelding gir beskjed om dokker har plass til fleire i bilen,
eller om det er nokon som treng å sitje på med andre. Vi kan ta oss av
fordelinga.

Avgang med båt frå Teigland kai kl. 11.00
Båtturen er med MS Stein Viking, og vi har turleiar og guidar med. Båten tar oss
innover den flotte Åkrafjorden til den veglause nordsida av fjorden og Eikemo -
”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.

Frå Eikemo kai.
Vi får ein fantastisk tur med Geir Arne Eikemo som guide, med traktorsafari til
Eikemostølen. Geir Arne fortel med alvor og humor om liv og lagnad for gardar og folk før og no, medan traktoren og den spesialtilpassa hengaren med 28 sitjeplassar snor seg opp den smale og spennande vegen til gardane og så tilstølen. Der blir det guida omvising og bevertning ute eller i lavvo, medrømmegraut, spekemat, flatbrød, saft, og kaffi kokt på bål.

Traktoren tar oss ned igjen til Eikemo kai og båt tilbake til Teigland

Pris for medlemar frå Teigland kai v/Åkrafjordtunet: kr. 150,-
Pris for ikkje-medlemar frå Teigland kai: kr. 650,-
Meld deg på innan 5. august til Hildur på mail:
hildthor@online.no eller tlf. 92495149.
Betalingsfrist til konto nr. 1503.53.24566 er også 5. august.

Kontakt

Distriktsleder

Bjørn   Forthun
Tlf: 95 97 53   81
E-post: bjorn.forthun@haugnett.no

 
 

Kalender

27. august - 27. august
15. oktober - 15. oktober
3. desember - 3. desember
Coloplast
Amgen
Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler