Norsk forening for stomi, reservoar og mage- og tarmkreft.
Hopp til hovedinnholdet

Årsmøte i Norilco Sunnmøre

13.00-17.00 20. februar 2016

Det vert medlemsmøte og årsmøte i Norilco Sunnmøre laurdag 20.februar kl. 13.00.
Stad: Radisson Blu Hotel, Sorenskriver Bulls gate 7, Ålesund

Her kan du laste ned saksliste og program.

Program:
 Vi startar med årsmøtesaker kl. 13:00.
 Det vert så foredrag v/Kristin Evjen. Ho arbeider med fysioterapi, akupunktur, sexologisk rådgjeving og kognitiv terapi. Nettside: http://kristinevjen.no/
 Middag (ca. kl. 15:15, gje opp kva meny du ønskjer ved påmelding), dessert og kaffi.
 Det vert loddsal og trekking av gevinstar.

Sakliste for årsmøtet, jf. minstevedtekter vedteke på rep. møte i 2015:
1. Konstituering av årsmøtet
2. Val av møteleiar og sekretær for årsmøtet
3. Val av to medlemar til å underteikne protokoll frå årsmøtet
4. Godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2015
5. Fastsetjing av budsjett og aktivitetsplan/handlingsplan for 2016
6. Innkomne saker (saker må vere levert styret seinast to veker før årsmøtet).
7. Val av styre
8. Val av valnemnd
9. Val av revisor(er)

Foreininga treng kandidatar til styreverv, og oppmodar medlemar om å melde interesse til valnemnda. Benkeforslag kan òg fremjast under valet, for kandidatar som er førespurt. Kandidatar må ha betalt kontingent for 2015 eller 2016 (gjeld òg for tale- og stemmerett).

Styret i Norilco Sunnmøre har i 2015 vore samansett slik:
Leiar: Ann Espenakk På val
Nestleiar/kasserar/besøksleiar: Asbjørn Endresen På val
Sekretær: Roald Rekdal Ikkje på val
Styremedlem: Helen Engeseth På val
Styremedlem: Sølvi Nygård Ikkje på val

Valnemnda har i 2015 vore slik samansett:
Solfrid Haaseth (tlf. 905 04 048), Kjell Lidvar Strømmen (tlf. 976 63 787)

Meny: (Gje opp kva meny du ønskjer ved påmelding. Gje også beskjed om ev. allergiar).
Alt 1: Boef bourguignon – oksekjøtt – sopp – løk-rødvinssaus, servert med potetmos
Alt 2: Sydfransk fiskegryte – sesongens ferske fisk –rotfrukter – masse urter etc – servert
 med potetmos eller vanlege poteter om ønskjeleg, begge inneheld fløte.

Prisar:
Medlemmar: kr.250.-
Ikkje medlem: kr.500.- (Ved innmelding seinast v/påmelding gjeld pris for medlem).

Påmelding seinast fredag 12. februar: (NB! frist er for at hotellet må vite tal på deltakarar)
Ann Espenakk tlf. 404 88 819 e-post: ann.espenakk@hotmail.com

Velkomne til årsmøte og medlemsmøte, og ta gjerne med ektefelle, sambuar eller ven!
Venleg helsing styret i Norilco Sunnmøre

Kontakt

Leiar av distriktsavdelinga
Brit Harsem 
Tlf: 479 07 058
E-post: britharsem57@gmail.com

Nestleiar/kasserar
Roald Rekdal

Likepersonsleiar
Else Karin Kjerstad
Tlf: 918 73 339
E-post: elsekarin.kjerstad@mimer.no

Styremedlem
Kim André Grande
Nina Kvalsund

Ungdomskontakt:

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.