Norsk forening for stomi, reservoar og mage- og tarmkreft.
Hopp til hovedinnholdet

Årsmøte i NORILCO Sunnmøre 2021

12.00-15.00 20. mars 2021

Årsmøte vert gjennomført digitalt laurdag 20. mars kl. 12.00. 

Etter at planlagd årsmøte vart avlyst to gongar i 2020 grunna covid-19, vart det etablert eit interimsstyre i avdeling Sunnmøre i september 2020. Distriktsavdelingane er no informert om at årsmøte må gjennomførast innan utgangen av mars, slik det følgjer av vedtektene. Vi får ikkje arrangere fysisk møte endå.

Påmelde deltakarar til årsmøtet vil få tilsendt informasjon om digital tilkopling og saksdokument. Du kan bruke PC eller smarttelefon/nettbrett for å delta.

Sakliste for årsmøtet:
1. Konstituere årsmøtet
2. Val av møteleiar og sekretær for årsmøtet
3. Val av to medlemar til å underteikne protokoll frå årsmøtet
4. Godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2019 og 2020
5. Fastsetjing av budsjett og aktivitetsplan/handlingsplan for 2021
6. Endring av vedtekter
7. Innkomne saker (saker må vere sendt styret seinast to veker før årsmøtet).
8. Val av styre
9. Val av valnemnd
10. Val av revisorar

Norilco Sunnmøre treng nye kandidatar til styre og valnemnd.
Styret vonar at det er interesse i å halde liv i foreininga, og at vi har medlemar som kan tenkje seg å stille som kandidat til styre eller valnemnd. Vi ber om at interesse til verv vert meld til styret snarast råd. Benkeforslag kan òg fremjast under valet, for kandidatar som er førespurt. Kandidatar må ha betalt kontingent for 2020 eller 2021 (gjeld òg for tale- og stemmerett). Gjeld ikkje nye innmelde som ikkje har fått faktura endå.

Interimsstyre i Norilco Sunnmøre frå 02.09.2020:

Leiar: Brit Harsem -på val

Nestleiar/kasserar: Roald Rekdal -på val

Sekretær/ungdomsrepresentant: Ronny Ness -på val

Likepersonsleiar: Anne Carien Leikanger - på val

Styremedlem: Sylvi Røren -Har gått ut av styret(*)

Styremedlem: Kim Andre Grande -på val

Revisor: Annlaug Høgstøyl -på val

Revisor: Inngunn Mork Grimstad -på val

(*) Sylvi Røren vart valt til varamedlem i kontrollkomiteen under representantskapsmøtet 24.10.2020, og har difor gått ut av styret i avdeling Sunnmøre.

 
Påmelding seinast laurdag 17. mars 2021: Brit Harsem på tlf/sms. 479 07 058, eller e-post: sunnmore@norilco.no

 

Vi vonar på god deltaking på digitalt årsmøte. Om du ikkje har PC eller smarttelefon, vonar vi du kan få hjelp til å delta frå nokon i din familie. 

Bli med på årsmøte med PC eller mobiltelefon: 

Klikk her for å bli med i møtet

 

Er du usikker på korleis du skal kome deg inn i Teams-møtet? Sjå instruksjonsvideo som FFO har laga, som forklarar dette enkelt her:

https://ffo.no/arrangementer/nybegynnerkurs-i-teams-20.-april/nybegynnerkurs-i-teams---videoer/

Venleg helsing interimsstyret i Norilco Sunnmøre.

Kontakt

Leiar av distriktsavdelinga
Brit Harsem 
Tlf: 479 07 058
E-post: brit.harsem@mrfylke.no 

Nestleiar/kasserar
Roald Rekdal

Likepersonsleiar
Anne Carien Leikanger
Tlf: 951 38 521
E-post: acleikanger@gmail.com 

Styremedlem
Kim André Grande

Ungdomskontakt:
Ronny Ness
Tlf: 482 31 157
E-post: ronnyness@hotmail.no 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.