Norilco avdeling Sunnmøre og Romsdal satsar høgt, og inviterer til aktivitetsdag i Valldal Aktivitetspark laurdag 27. august 2016.
Påmeldingsfrist: 17. august
Vi satsar no på eit fellesmøte med fysiske utfordringar for avdelingane Sunnmøre og Romsdal, og legg turen til Valldal Aktivitetspark AS.
Alle som går rundt og er usikker på kva dei klarer/ikkje klarer, får no høve til å prøve ut korleis det er å klatre i klatreparken i Valldal. Litt av poenget er at vi skal prøve å tøye eigne grenser for aktivitet. For meir informasjon: http://www.valldalaktivitetspark.no
Det vert òg lagt til rette med aktivitetar for dei som ikkje ønskjer å klatre. Her tilbyr aktivitetsparken mellom anna ein 5-kamp. Og vi skal kose oss med grilling og sosialt samvere, så alle er velkomne til aktivitetsdagen.
Opplegget:
Vi møter opp samla ved parken kl. 12:00 og får naudsynt utstyr og sikkerheitsopplæring før ein kan ta til å klatre. Alle som skal klatre må fylle ut eigenerklæring på førehand. Sjå eigenerklæring og sikkerheitsreglar her: http://www.valldalaktivitetspark.no/eigenerklaering/
Alle tek med eigen grillmat, som vi kan grille på grillar i aktivitetsparken etter klatre- og aktivitetsrunden (ca. 15 tida). Då avsluttar vi rundt kl. 17.
Vi klarer ikkje å spå vêret, men kle deg til å vere ute i naturen. Joggesko er anbefalt. Det går fint å vere ute om det skulle kome litt regn.
Ta gjerne med ektefelle, sambuar, ein ven eller borna til aktivitetsdagen!
Prisar: Din avdeling dekkjer inngangsbillett for medlem med betalt kontingent for 2016. Andre betalar etter prislista til aktivitetsparken minus vår grupperabatt. Vi har reservert eit avgrensa tal plassar, men vonar det er plass til alle som vil kome.
Påmelding seinast 17. august 2016 til (gje opp e-post eller mobilnr. v/påmeld):
For Sunnmøre etter kl. 17.
Roald Rekdal på tlf: 979 60 586, eller e-post: rorekdal@mibox.no
For Romsdal etter 17. juli mellom kl. 19-22.
Annlaug Årflot på tlf. 994 54 022 eller e-post: annlaug@norilco.no
Venleg helsing styret i Norilco avdeling Sunnmøre og Romsdal
les invitasjonen i utskriftsvennleg PDF her:
Leiar av distriktsavdelinga
Brit Harsem
Tlf: 479 07 058
E-post: britharsem57@gmail.com
Nestleiar/kasserar
Roald Rekdal
Likepersonsleiar
Else Karin Kjerstad
Tlf: 918 73 339
E-post: elsekarin.kjerstad@mimer.no
Styremedlem
Kim André Grande
Nina Kvalsund
Ungdomskontakt:
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.